Så er festivalen for 2010 over, med mange gode minne frå scene og slåttearena. Arrangementet ser ut til å ha gått i balanse. Og resultatlistene finn de under Konkurranse i toppmenyen. Hovudresultat NM:
Vinnar av NM Langorv, menn: Ola Sigurd Skreå,Tonstad.
Vinnar av NM Langorv, kvinner: Aslaug Haugo Tveito
Vinnar av NM Stuttorv, menn: Knut Molla,Sauda.
Vinnar av NM Stuttorv, kvinner: Aslaug Haugo Tveito
---
Festivalen startar i år med kyrkjekonsert sundag 6. juni med Knut Buen og Knut Arne Snøås.
Sjølve slåttehelga 11.-12. juni vil det som vanleg bli eit godt og variert program for store og små;
Fredagskvelden er det duka for konsert med Daniel Sanden Warg på hardingfele/munnhorpe,
etterfylgt av Aasmund Nordstoga m. band. Laurdagen er det NM og tevlingar i ljåslått, samt kulturprogram med m.a. Bygdebris, marknad med lokal mat og handverk, utstillingar, kortkurs i ljåslått og mykje meir.
Festivalen avsluttast som vanleg med dansefest, denne gongen med Åsmund Åmli Band.
I veka før slåttehelga blir det ljåslåttkurs for ungdom knytt til undervisingsopplegget "Ut i mark og eng". På dagtid torsdag og fredag går og Kulturlandskapsseminaret 2010 av stabelen, i år med fokus på biologisk mangfald.