SLÅTTEFESTIVALEN
I HJARTDAL
2010


ForsideKonkurranseProgramInformasjonBildegalleriLinkar

Slåttefestivalen 6.-12. juni 2010

Så er festivalen for 2010 over, med mange gode minne frå scene og slåttearena. Arrangementet ser ut til å ha gått i balanse. Og resultatlistene finn de under Konkurranse i toppmenyen. Hovudresultat NM:
Vinnar av NM Langorv, menn: Ola Sigurd Skreå,Tonstad.
Vinnar av NM Langorv, kvinner: Aslaug Haugo Tveito 
Vinnar av NM Stuttorv, menn: Knut Molla,Sauda.
Vinnar av NM Stuttorv, kvinner: Aslaug Haugo Tveito

---

Festivalen startar i år med kyrkjekonsert sundag 6. juni med Knut Buen og Knut Arne Snøås.

Sjølve slåttehelga 11.-12. juni vil det som vanleg bli eit godt og variert program for store og små;
Fredagskvelden er det duka for konsert med Daniel Sanden Warg på hardingfele/munnhorpe,
etterfylgt av Aasmund Nordstoga m. band. Laurdagen er det NM og tevlingar i ljåslått, samt kulturprogram med m.a. Bygdebris, marknad med lokal mat og handverk, utstillingar, kortkurs i ljåslått og mykje meir.
Festivalen avsluttast som vanleg med dansefest, denne gongen med Åsmund Åmli Band.

I veka før slåttehelga blir det ljåslåttkurs for ungdom knytt til undervisingsopplegget "Ut i mark og eng".  På dagtid torsdag og fredag går og Kulturlandskapsseminaret 2010 av stabelen, i år med fokus på biologisk mangfald.



Trykk for stor versjon av bildet
Aasmund Nordstoga kjem med "Ein visefugg"
Faldar med program kan de laste ned ved å klikke HER.


Årets artistar:

Knut Buen og Knut Arne Snøås
Aasmund Nordstoga og Abildsø spelemannslag (Ein visefugg)
Daniel Sanden Warg
Bygdebris
Åsmund Åmli Band

Artistomtaler: Sjå Informasjon, eller klikk her
Foto av artistane ligg under Bildegalleri/Artistar 2010.


Fokus på kulturlandskap

Slåttefestivalen har frå 2006 samarbeidd med Kulturlandskapssenteret og Norsk Kulturarv om Prosjekt Kulturlandskap. Føremålet med dette prosjektet er å kombinere utfyllande kompetanse, og saman auke fokus på kulturlandskap. Landbruks- og matdepartementet finansierer prosjektet.

Slåttefestivalen har fått midlar til å utvikle NM i ljåslått og arrangementet i sin heilskap, medan Kulturlandskapssenteret har fått midlar til å utvikle faglege opplegg knytt til festivalen. Dette omfattar i år fylgande:

  • Kulturlandskapsseminaret 2010, i år med tema biologisk mangfald
  • Undervisningsopplegget "Ut i mark og eng" for born og unge, inkl. ljåslåttkurs i veka før festivalen.
  • Temautstillingar på Gamleskulen 
  • Kulturlandskapssti med postar og premiering for born og ungdom
  • Kortkurs i ljåslått for dei som har lyst til å prøve seg.