(Nokre av namna er klikkbare linkar).
Knut Buen / Knut Arne Snøås:
Tuddølen Knut Buen treng kan hende ingen nærmare presentasjon. Me vil berre kort seia at me er veldig stolte over å ha den kjende og kjære nabobydingen på programmet i år. Me ser fram til felespel og forteljing av ypparste kvalitet. Me ser og fram til eit gjenhøyr med tidlegare organist i bygdene her, Knut Arne Snøås. Den unge tinndølens orgeltonar har ein sjeldan folkemusikalsk sveip over seg. Dei to Knutane har samarbeidd gjennom mange år, er godt samspelte og har alltid hausta fine kritikkar for konsertane sine.
Vinjebygje, mjølkebonde og visesongar Aasmund Nordstoga gjekk i fjor solo og platedebuterte med stor suksess . "Ein visefugg" låg 12 veker på VG-lista, og terningen viste 5 land og strand. Plata blei og nominert til Spelemannsprisen, og Norsktoppen dela ut ein sterk 9ar! Musikarar på plata er Abildsø Spelemannslag. På konserten får me høyre Åsmund Reistad på gitar og mandola, Sondre Meisfjord på kontrabass, Daniel Sanden Warg på feler, Jørund Fluge Samuelsen på munnspel og John Vinge på tangentar.
I sine pure ungdom fekk den svenske rockemusikaren Daniel høyre opptak med storspelemennane Torleiv H. og Hallvard T. Bjørgum frå Setesdal. Det skulle koma til å bli skjellsetjande. Han reiste straks til Setesdal og gjekk i lære hjå Hallvard. I dag er han ein av våre fremste spelemenn både på fele og munnhorpe. Han har gjeve ut plate saman med Per Anders Buen Garnås (WargBuen)og Sigurd Brokke (Rammeslag I og II). Platene har hausta særs gode kritikkar. Rammeslag fekk Folkelarmprisen. Daniel er ein uvanleg allsidig musikar og spelar fast i banda til både Odd og Aasmund Nordstoga.
Bygdebris:
Bandet Bygdebris rører seg i landskapet mellom vise og jazz, norsk og internasjonal folkemusikk. Bandmedlemmene kjem frå Hjartdal og Seljord, og framfører eigenkomponert musikk til dikt av hjartdalsdiktaren Halvord H. Sisjord. Dei medverkande er Kjetil Flatland på saksofonar og vokal, Helge W. Flatland på tangentar, Frode Flatland på slagverk og koring og Lars-Egil Hammersbøen på bass.
Åsmund Åmli Band:
Bandet kallar seg sjølve for eit Country/Rock/Showband, og deira varemerke er bruken av den breie setesdalsdialekta som valldølen Åsmund Åmli har teke med seg inn i bandet. ÅÅB har lang fartstid på Norsktoppen.